Monika
Markedsføring
Eg er 27 år, mamma til Eivind, forlova med Renè og me bur i flotte Hardanger! Eg jobbar som barne- og ungdomsarbeider på Kvam Ungdomsskule og så er eg utekontakt i Kvam Herad. Eg jobbar og nokre helger og feriar på ein omsorgsbustad.
På fritida likar eg og trene, gå på nye fjelltopper og være med venner. Eg har og stor glede av dyr, spesielt hest og hund. Men eg er og eit sofa-dyr, og filmkveld seier eg sjeldan nei til!
Då Eivind vart fødd, hadde eg allereie ein rar magefølelse på at noko ikkje stemte. Autisme var eit ord eg hadde tenkt lenge. Allereie då han var 4 månader, tok eg dette opp med legen min. Mistanken vart større og større jo eldre Eivind vart, og då han var rundt eitt år søkte eg på autisme på snap. Då kom Autismeforeldrene. Og så opna det seg ei heilt ny verd for meg: Alle desse borna og vaksne hadde same tankar, og nokre av borna oppførte seg ganske likt som Eivind. Eg var då ikkje lenger i tvil om at Eivind hadde autisme. Dei svarte meg på spørsmål, og var så trygge og gode å snakke med. Når Eivind fekk diagnosen så bestemte eg meg for at eg ville snappe, eg ville hjelpe andre mødre i same situasjon som meg. Dei andre mødrene på snappen var gull verdt for meg, og eg tenkte at eg ville verkeleg være der for nokon i same situasjon som eg var i. Og som eg endå er i.
Eivind har diagnosane barneautisme og psykisk utviklingshemming. Han er ein gladgut: Hoppande, viftande og den mest smilande guten eg kjenner. Han elsker kos, suss, pusen og bamsen sin. Men som dei fleste med desse diagnosane har han ein del vanskar. Me vil vise korleis det verkeleg er i kvardagen.

"Eg tenkte at eg ville verkeleg være der for nokon i same situasjon som eg var i."

@johandsome94
